Nortura SA Sogndal

Nortura Sogndal søker:

Sommervikarar/sesong

Er du UNG, kanskje student, og har lyst til å vere ein av våre sommarvikarar/sesongarbeidar? Nortura Sogndal har behov for sommarvikarar i produksjon, pakking, ekspedisjon m.m.

Ferie for våre tilsette vil bli avvikla i vekene 26 - 31. Søkjarar som kan jobbe heile perioden vil bli foretrukne. Kan du jobbe vidare ut over hausten er det også ein fordel.

Kva vi tilbyr:

  • Gode rutinar for opplæring: Vi sørger for at du får den opplæringa du treng for å lykkast i jobben. Det kan vere aktuelt å ta inn operatørar tidlegare for opplæring.
  • Hyggjeleg arbeidsmiljø: Jobb saman med eit humørfylt og støttande team.
  • Gunstige vilkår: Konkurransedyktig lønn som gir deg moglegheit til å spare opp litt ekstra, samt tilgang til ansattbutikk med rabatterte prisar.
  • Variert arbeid: Moglegheit til å jobbe i ulike område i avdelinga.

Kven vi søker:

  • Du er motivert for å arbeide med ulike spennande arbeidsoppgåver gjennom sommaren.
  • Du er nøyaktig, ærleg og påliteleg.
  • Du jobbar effektivt og systematisk, og har gode samarbeidsevner.
  • Du beherskar norsk som arbeidsspråk, skriftleg og muntleg.
  • Du har god fysisk helse.

Arbeidstid og krav:

  • Arbeidstid: dagtid måndag til fredag.
  • Arbeidsperiode: frå veke 26 til veke 31, kan også vere behov før og etter denne perioden (hausten). Søkjarar må kunne jobbe minimum seks veker.
  • Truckførerbevis: noen av stillingene krever at du har truckførerbevis
  • Hygiene- og HMS kurs: Må vere fullført og bestått før tiltreding.
  • Alder: vi søker deg som har fylt 18 år innan oppstarttidspunkt.

Søknadsprosess:

  • Søknadsbrev: Opplys i søknadsbrevet når du er tilgjengeleg for å jobbe og hvis du har truckførarbevis.
  • Søknadsbehandling: Vi behandlar søknader fortløpande og ser fram til din søknad.

Kontaktpersonar: 

  • Produksjon: Thor Christian Andersen, 40046042
  • Pakking: Janne Lise Nilsen, 948 82 924
  • Ekspedisjon: Siv Randi Leirdal, 90504141

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Sesong

Heltid/Deltid:

Heltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

Snarest

Tiltredelse:

Etter avtale

Arbeidssted:

Nortura Sogndal

Hjemmeside:

http://www.nortura.no

Adresse:

Granden 8 6856 Sogndal